Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Jørn Øyrehagen Sunde: Magnus Lagabøtes Landslov 1274.

april 5 @ 11:30 - 13:00 CEST

Jørn Øyrehagen Sunde tok doktorgraden ved Det juridiske fakultet i Bergen i 2007, vart same året professor i rettshistorie der. Han har vore forskar ved museet Baroniet Rosendal, professor 2 ved Mellomaldersenteret i Bergen, og  har sidan 2019 òg vore forskar ved Nasjonalbiblioteket. Han er nå tilsett som professor ved Institutt for offentleg rett i Oslo. Sunde har publisert og redigert fleire bøker. Han fekk i 2012 Meltzerprisen for framifrå forskingsformidling.

Magnus Lagabøtes landslov av 1274 er unik i ein europeisk samanheng. Den er ei av fire landsdekkande lovverk laga i Europa i mellomaleren. Den var ein del av eit stort lovgjevingsprosjekt som strakk seg over 20 år, som i tillegg omfatta ei bylov, ei administrasjonslov, og ei lovbok for Island. Bak Landslova stod ein konge som var utdanna av fransiskanarmunkar, som var opptatt av at han var St. Olav sin etterfølgjar, og som hadde eit brennande ønskje om å gjera Guds vilje på jorda. Landslova vart då òg viktig for omdanninga av det norske riket frå eit ættesamfunn med slaveøkonomi, til eit samfunn der òg  dei svakaste hadde rettar. Omdanninga og Landslova var svært vellukka, og truleg fanst det eitt manuskript av Landslova per 1150 innbyggjar i det norske riket rundt år 1350.

Detaljer

Dato:
april 5
Tid
11:30 - 13:00 CEST

Sted

Lillehammer Kino, Sal 2
Kirkegata
Lillehammer,

© 2022

Tema av Anders NorénOpp ↑