Når

7. mars 2023    
11:30 - 13:00

Furre-biograf Arnhild Skre skal presentera den særmerkte og banebrytande pasifisten, historikaren og presten for oss. Skre er Dr.philos i historie med mediehistorie og biografi som særfelt. Ho har tidlegare skrive livsskildringar om forfattaren Ragnhild Jølsen, kunstnaren Th. Kittelsen og musikaren Elisabeth Andreassen. For biografien om forfattaren og kulturpioneren Hulda Garborg fekk ho Brageprisen i 2011. Biografien Berge Furre – Eit liv i rørsle kom ut hausten 2022.

Berge Furre – Fredsmann, historikar og prest.

«Høvding» og «bauta» blei Berge Furre kalla då han døydde i 2016, nesten 80 år gammal. Det var slik dei fleste nekrologskrivarane mintest SV-politikaren og SV-leiaren. Det var også slik folk fleste minntest han, skjeløygd og skjeggete, med vektige innlegg i debattar gjennom fleire tiår.
Men partipolitikken var berre ein av dei lange trådane som gjekk gjennom Berge Furres liv, og berre eitt av felta der han sette merke etter seg.

Historikaren Berge Furre forma i tre tiår historiestudentars bilde av det moderne Norge. Kva la han vekt på?Fredsaktivisten Berge Furre var blant dei tidlege militærnektarane, og fredsengasjementet hans hamna i overvakingas søkelys. Kva var grunnlaget for pasifismen hans?

Og kva med presten? Som teologiprofessor og forkynnar sette Berge Furre varige merke etter seg i Den norske kyrkja og i mange menneskesinn.